Telemark fylkeskommune arbeider for å få fleire folk og fleire arbeidsplassar til fylket. Dei 1600 tilsette i fylkeskommunen har ansvar for viktige tenester for telemarkingane, som:

  • Regional utvikling
  • Vidaregåande opplæring i skule og bedrifter
  • Fylkesvegar, kollektivtransport og arealplanlegging
  • Tannhelsetenesta
  • Kultur og folkehelse

Eksportfylke i over tusen år

I over tusen har Telemark vore eit eksportfylke. Brynestein frå Skafså var i bruk langt utover i Europa, heilt frå vikingtida og fram mot vår tid.
Telemark har vore eit kraftproduserande og kraftforedlande fylke gjennom meir enn 100 år. Vi har nytta fossekrafta til kunstgjødsel, sementproduksjon, metallurgisk industri og mykje meir.

Telemark har også vore eit gassforedlande fylke I meir enn 40 år, frå statlege styresmakter vedtok å etablere petrokjemisk industri i Grenland midt på 1970-talet.

Vidareutviklar industri

Telemark har gjennom alle sine industrielle faser vore offensiv i også å vidareutvikle industrien, og for å løyse miljøproblema som industrien skapte og skaper. Miljøteknologi er mellom dei sterkaste satsingsområda i fylket. Dette har mellom anna ført til omfattande innsats for utvikling av CO2-fangst. Eitt døme på at miljøsatsinga har gitt resultat, er at Brevik i Telemark har den truleg aller reinaste sementproduksjon i verda.

Telemark fylkeskommune har i tett samarbeid med viktige bedrifter og organisasjonar arbeidd i mange år for meir innanlands foredling av Nordsjøgass. Telemark ynskjer også frametter å vere med og påverke norsk nasjonal politikk for å bruke meir gass til industri- og foredlingsformål.

www.telemark.no